Skip to main content
SLU publication database (SLUpub)

Report2024

Vurderingar av netto forsyning av eteleg protein frå norsk sauehald

Steinshamn, Håvard; Flaten, Ola; Koesling, Matthias; et al.

Abstract

Som drøvtyggar har sauen evne til å omdanna fiberrikt fôr, som ikkje er eteleg for menneske, til høgverdig protein, i kjøtt og biprodukt, med essensielle aminosyrer. I norsk sauehald er det meste av fôrgrunnlaget grovfôr, og beite står for om lag 60 % av fôrinntaket. Men det blir også brukt ein del kraftfôr og mjølkeerstatningar med humant etelege ingrediensar. I denne studien undersøkte vi kor mykje eteleg protein vi får ut i høve til mengd eteleg protein gitt i fôringa. Effektiviteten er rekna som høvetalet (HePeff) med mengd eteleg protein i kjøtt, blod og innmat i høve til mengd eteleg protein brukt i fôringa. Dersom det blir produsert meir eteleg enn det som blir brukt i fôringa, er effektiviteten HePeff større enn 1. Det blei også estimert i kor stor grad aminosyrer brukt i fôringa blir oppgradert til essensielle aminosyrer for menneske. Dette uttrykt som differansen mellom fordøyelege essensielle aminosyrer i kjøtt, blod og innmat og mengd av dei same aminosyrene brukt i fôringa. Datagrunnlaget var tal frå sauebruk som var med i Driftsgranskingane i jordbruket i åra 2018-2020. Mengd innkjøpt kraftfôr og mjølkeerstatning blei estimert ut frå rekneskapstal. Ingrediensar i innkjøpt fôr blei estimert ut frå opplysningar gitt av fôrprodusentar. I kalkylane såg ein på kva det hadde å seie om raps og rapsprodukt i kraftfôret vart rekna som humant eteleg. Dersom ein rekna at både kjøtt, blod og innmat er eteleg, og rapsprodukt ikkje er humant eteleg, blei det i gjennomsnitt produsert om lag like mykje humant eteleg protein som brukt i fôringa, HePeff = 1. Dersom ein ikkje rekna proteinet i raps som humant eteleg, blei det for alle fordøyelege essensielle aminosyrer produsert meir enn brukt i fôringa i regionane ‘Austlandet andre bygder’ og ‘Trøndelag andre bygder’, medan det for andre deler av landet var om lag same mengd protein i kjøtt og biprodukt som det vart brukt i fôringa. Proteineffektiviteten var høgare i regionar med gode utmarksbeite, og Fjell- og dalbygder i Trøndelag og på Austlandet hadde høgare HePeff enn Agder og Rogaland. Mengd kraftfôr per vinterfôra sau og tal gangslam (levande lam på hausten) per vinterfôra sau hadde sterk effekt på HePeff, og det er fullt mogleg å betre effektiviteten med relativt små justeringar av mengd og type ingrediensar i kraftfôr.

Published in

NIBIO Rapport
2024, number: 10/36/2024
ISBN: 978-82-17-03486-5
Publisher: NIBIO